Denne miniutgåva av Jotunheimen Rundt har etter kvart fått svært godt omdøme.
Dei kjappaste tek seg opp Bøverdalen, over fjellet, ut Lustrafjorden og ned frå Hafslo til Sogndal på under fire timar. Tyngda av feltet brukar mellom seks og åtte timar på denne turen, og kjem til mål i Sogndal samstundes med deltakarane i Jotunheimen Rundt.
Startområdet i Lom er lagt til det romslege arealet inntil stavkyrkja og skulen. Her er det rikeleg med plass både for bil og sykkel. På same stad kjem ryttarane frå jotunheimen Rundt inn frå Valdresflya, til varm mat og ei kortare eller lengre rast. I Lom har dei gjennomført to tredjedeler av Jotunheimen Rundt.
Ut frå Lom går såleis to grupper ryttarar, dei som nett har byrja på sine 13,7 mil og som nøyer seg med Lille Jotunheimen, og dei som har nesten tredve mil i beina på dette tidspunktet. Saman rullar dei innetter Bøverdalen, forbi Elvesæter, Krossbu, Sognefjellshytta, Fortun, Skjolden, Luster, Gaupne, Hafslo, like inn til den sjarmerande Sogndalsfjøra, der eit fargerikt målområde står klart til å ta imot slitne utøvarar.
Lille Jotunheimen høver godt for terrengsykkel. Nesten halve distansen er stigande terreng, og siste biten oppunder Sognefjellshytta er heller bratt. Deltakarar med terrengsykkel kan stille i eigen klasse også i år, men starten er felles med landevegssyklistane.
I fjor viste Sognefjellet seg frå si beste side, og det vart ei fantastisk oppleving for dei vel 200 deltakerene. Mange tok seg god tid ved Sognefjellshytta, norsk idrett sin mest attraktive rastestasjon, for å få i seg nysteikte vafler med moltesyltety og rømme. Turen derfra til neste "vaffelstasjon" på Dale skule i Luster, går av seg sjølv. Derifrå er det kun 45 km til mål i Sogndal.